Liste over populære pronomen
Du kan ogso bruke nettstaden vår til å laga eit kort, sånn som dette, som inneheld namna dine, pronomen, pride-flagg, lika ord, osb. So kan du lenkje det til profilen din eller i epost-signaturen. Berre lag ein konto her.
Normative former
Det er verdt å nemne at pronomen ikkje nødvendigvis samsvarar med kjønn. Ein kan vera ikkje-binær og bruke pronomen som er kongruent med (eller motsett av) kjønnet deira tildelt ved fødsel.
- han/hans – Normativt «han/hans» Normativ
- ho/henne – Normativt «ho/henne» Normativ
Semi-normative former
«hen» er eit nytt kjønnsnøytralt pronomen som står i ordbøkene sidan 2022. Dei andre pronomena har vore i bruk i normativ norsk allereie, men har nyleg fått eit nytt bruksområde: til å beskrive ein spesifikk person. Hugs at den/det pronomen har vorte bruka i transfobiske samanhengar, so berre bruk desse for og om folk som sjølv ynskjer det.
- hen/hens – Semi-normativt «hen/hens» Normativ
- dei/deira – Eintal «dei/deira» Normativ
- den/dens – Personleg «den/dens» Normativ
- det/dets – Personleg «det/dets» Normativ
Neopronomen
I motsetning til dei andre pronomena, som er inkludert i ordbøkene gjeve ut av Språkrådet, er neopronomen nyord som ikkje er oppført i ordbøkene. At dei ikkje er inkludert enno, gjer dem ikkje noe verre av den grunnen!
Generator
Du kan ogso bruke dette verktøyet der du fyller inn tomrommet i ei setning og generere ei lenkje klar til å dele med andre.
Utskiftberre former
Mange ikkje-binære personar brukar fleire former om einannan og synest det er greitt å verta omtala med nokre av dei. Nokre liker at andre vekslar mellom dei formene når dei snakkar om dei.
unngår / unngaar / ingen-pronomen / null pronomen / pronomenfri / nullpronominal / namn-sjølv / namn-sjoelv Normativ
Nokre folk føretrekkjer å ikkje bruke nokre pronomen og i staden verta kalla ved namn, initial, ved å utelate pronomen i passiv form, eller ved å omstrukturere setninga. Sjå: lypomania si rettleiing, Nullpronominal på LGBTA Wiki
Emojiself-pronomen
Emojiself pronomen er meinte for nettkommunikasjon og er ikkje tenkt å verta uttala.Spegelpronomen / Spegelpronominal
Ein person som brukar spegelpronomen, ynskjer å verta omtala med dei same pronomena som personen som snakkar om hen.
-
Sjølv om det for mange folk er veldig viktig at andre brukar spesifikke pronomen til å omtale dei so er det ogso andre som ikkje bryr seg om kva pronomen du brukar for dei, eller brukar alle pronomen - so lenge det er klart kven ein snakkar om.
-
Nokre folk føretrekkjer å verta spurt om pronomena sine regelmessig, sidan dei kan endra seg avhengig av situasjonen, tid eller kjønnsidentiteten sin flyt.
Oppdraget vårt
Me kjempar for fridom, respekt og inklusivitet i språk.
- Fridom – slik at alle sjølv kan bestemme kva som helst pronomen dei meiner beskriv dei best.
- Respekt – slik at pronomen til andre vert respektert.
- Inklusivitet – slik at når me snakkar om ein person me ikkje kjenner, antek me ikke kjønnet deira og unngår å ekskludere dei av ein eller annan grunn