Pronomena mine er:
namn-sjølv
Bruk namn eller initialar i staden for pronomen
Normativ
Passiv form
Normativ
- Han tok telefonen → Telefonen vart svara på
- Hin inviterte meg til festen → Eg vart invitert til festen
Omskriving av setninga
Normativ
- Lior gjorde alt på eiga hand → Lior gjorde alt utan hjelp
- Gael snakkar medan hen søv → Gael snakkar i søvne
Erstatte eit pronomen med eit skildrande substantiv eller uttrykk
Normativ
- Ho landa flyet trygt → Piloten landa flyet trygt
- Dette er Lea, ho likar å måle → Dette er Lea. Venen min likar å måle
- Ho argumenterer for at… → Personen som starta denne diskusjonen argumenterer for at…
Sløyfe pronomen
Normativ
- Kjøpte du ei gåve til Tex for henne? → Kjøpte du ei gåve til Tex?
- Ja, eg kjøpte ho til han. Eg gjev ho til han i morgon. → Ja, eg kjøpte ho. Eg gjev ho i morgon.
Kva er greia med pronomen?
Me har alle pronomen. Eit pronomen er eit ord me brukar i staden for eit namn når me nemner nokon. Dei fleste brukar «han/ham» og «ho/henne», som gjer det vanleg for oss å gjette kva me skal bruke basert på utsjånaden til nokon. Men det er eigenleg ikkje so enkelt som dette…
Kjønn er komplisert. Nokre menneske «ser ikkje ut» som eit viss kjønn. Nokre føretrekkjer å verta kalla noko anna enn det ein antek. Nokre menneske passar ikkje inn i boksane med «mann» eller «kvinne», og føretrekkjer meir nøytrale uttrykk. Denne nettstaden lèt deg dele ei lenkje til pronomena dine, med konkrete døme korleis du vil at dei skal verta bruka, slik at du kan vise andre kva du ynskjer å verta kalla.
Kvifor har det noko å seia? På grunn av grunnleggjande medmenneskelegdom. Du ville vel ikkje kalla Anne «Ingrid» berre fordi du likar det namnet betre eller fordi du synest «ho ser ut som ei Ingrid». Til og med viss ho har namnet «Ingrid» i passet hennar men hatar det, og føretrekkjer å bruke «Anne» so ville du kalla henne Anne. Det samme gjeld med pronomen. Viss du ikkje vil vera frekk mot nokon, kall dei som dei vil verta kalla… Den einaste skilnaden er at me vanlegvis veit namn, men ikkje pronomen. Me introduserer oss sjølv med eit namn, men ikkje med pronomen. La oss endre det!