Ofte stilte spørsmål
Oppdraget vårt
Me kjempar for fridom, respekt og inklusivitet i språk.
- Fridom – slik at alle sjølv kan bestemme kva som helst pronomen dei meiner beskriv dei best.
- Respekt – slik at pronomen til andre vert respektert.
- Inklusivitet – slik at når me snakkar om ein person me ikkje kjenner, antek me ikke kjønnet deira og unngår å ekskludere dei av ein eller annan grunn
Kva er ikkje-binært kjønn?
Kjønn er mykje meir komplisert enn berre mann/kvinne. Til og med frå eit biologisk synspunkt, skil me mellom kromosomalt kjønn, genetisk kjønn, hormonalt kjønn, fenotypisk kjønn… Dei er ikkje nødvendigvis kongruente med kvarandre, dei må ikkje vera binære. (meir info her). Og når det kjem til det kulturelle aspektet, er «kjønn» eit sosialt konstrukt. Avhengig av stad og tid, kan å vera «ei kvinne» eller «ein mann» tyde å ha veldig ulike rettar, plikter, normer… I Europa, pleide menn å gå med høge hæler og strømpebukser, og innfødde folk av Nord-Amerika har anerkjent eit tredje kjønn i århundre (to åndelig), osb. osb.
Ikkje-binær er eit paraplyomgrep som beskriv identiteten til personar som ikkje passar inn i det binære skiljet mellom mann og kvinne. Det inkluderer til dømes personar som er akjønnet, kjønnsflytande, demijenter, demigutar, og mange mange andre.
Ikkje-binær er ikkje nødvendigvis noko «imellom» maskulinitet og feminitet, meir som «bortafor». Ikkje-binære folk må ikkje vera androgyne, må ikkje bruke nøytrale pronomen, osb. Det handlar om å vera fri frå kjønnsroller, ikkje om å laga nye.
Kvifor skal eg respektere nokre rare pronomen?
Fordi å kalle folk det dei vil verta kalla er basisen av sosiale relasjonar. Du ville ikkje kalla Anne «Ingrid», du ville ikkje droppa «mr»/«fru» når du snakkar til rettleiaren din, osb. Og det er folk som ikkje vil verta kalla anten «han» eller «ho». Viss du ikkje aksepterer det, viser det berre deg i eit dårlig ljos.
«Rare pronomen» er berre noko å verta vant til.
Dei der pronomena er oppdikta!
Ja. Ja, det er dei. Og det samme gjeld kvart einaste ord i alle språk. Nokre ord er berre eldre enn andre.
Korleis veit eg kva eg skal kalle nokon?
Du kan berre spørja! Ja, det kan kanskje vera litt kleint, men jo meir me gjer det, jo mindre kleint vert det. Viss me kan spørja nokon om namnet deira, kvifor ikkje pronomen?
(Men ver venleg og ikkje sei «Er du gut eller jente?». Dette spørsmålet får det til å verke som det berre er to rette svar, og det føreslår usunn nysgjerrigheit om kjønnsorgan til nokon. I staden kan du berre spørja «kva er pronomena dine?» eller «kva skal eg kalle deg?»)
Det er ogso viktig å normalisere å seia dine pronomen når du introduserer deg sjølv til andre. «Hei, eg er Michæl, han/hans». Det er ikkje vanskeleg – men for trans og ikkje-binære folk tyder det so mykje! Det er til og med endå lettare gjort på nettet: bare putt pronomena dine (eller ei lenkje til nettstaden vår) i profilen din.
Hugs ogso at mange folk kan bruke ulike namn eller pronomen avhengig av situasjonen. Kanskje dei ikkje er ute blant kollegar enno, men rundt vener kjenner seg trygge med å leve som sitt sanne eg. Ver forsiktig. Du kan kanskje spørja dei «kva pronomen bør eg bruke framfor sjefen din?», osb.
Nokre folk gjev fleire pronomen, t.d. «han/ho» eller «dei/han». Dei tyder at dei likar alle dei pronomena. Vanlegvis er det fyrste pronomenet det dei likar aller best.
Er det i det heile nokon som brukar det der?
Ja! Millionar av ikkje-binære personar rundt om heile jorda. Alle pronomen som er lista her, har nokon som brukar dei i kvardagen.
Er dei ikkje-binære pronomena godtekne av ein slags autoritet?
Språk er ikkje ei form for gudgjeve, eldgamal magi sett i stein. Det er berre et verktøy som me brukar til å kommunisere. Når me endrer oss som eit samfunn, og når verda rundt oss endrer seg, justerer me språket til å bruke og forstå det bedre. Me er dei som brukar språket, si me er autoriteten på korleis me vil bruke det.
Ordbøker tek ofte tida si på å få inn endringane, men det gjer ikkje endringane noko mindre gyldig. Men etter kvart som me brukar dei nye omgrepa, og brukar dei ofte nok, kan dei verta inkludert i ordbøker. Merriam Webster, til dømes, aksepterer bruken av eintal «dei» som eit ikkje-binært pronomen.
Du kan ogso lese nokre akademiske papirer på neopronomen.
Kvifor skal eg putte pronomena mine på sosiale medium?
Viss du er cis (= ikkje trans) og brukar «han» eller «hun» som samsvarar med kjønnet ditt, so trur du kanskje at pronomena dine er openberre. Og ja, kanskje det er sant – so lenge namnet ditt er nemnt i profilen din (og er tradisjonelt maskulint eller feminint) eller viss du har eit bilete av deg som profilbiletet ditt. Mange folk har ikkje det – so det er vanskeleg å gjette kva dei vil verta kalla.
Men det er meir enn det: dine pronomen kan vera «openberre», men det finst andre med pronomen som ikkje er det. Dei vil at folk skal kalle dem det dei vil verta kalla, uansett om de «passar» som kjønnet deira eller ikkje, uansett om dei vil ha ein overgang (eller viss dei vil ha ein overgang i det heile). Ikkje-binære personar ser vanlegvis ikkje «ikke-binære ut», me skuldar ingen å vera androgyne.
Å dele pronomena våre er veldig viktig for trans, ikkje-binære og personar som ikkje er i samsvar med eit viss kjønn. Akk, det avslører oss ogso og skil oss ut. Men viss cis personar gjer det same, tyder det so mykje for oss. Det får oss til å kjenne oss meir komfortable, trygge og velkomne (fleire grunnar her).
Kan eg bytte pronomena mine?
So klart! Ingen er overraska når nokon endrar meiningar, stil, hobbyar… So kvifor ville det vore rart at dei oppdaga ein ny del av identiteten sin, stoppa å like namnet sitt, fann ein merkelapp som passa dei, osb.?
Er det rart at eg ikkje klarar å verta vant til dei nye pronomena mine?
Ikkje i det heile! Etter mange år med a bruke pronomen som er kongruent med kjønnet eins tildelt ved fødsel, er det enkelt å gøyme seg når ein byttar til nokre andre.
Pronomen ≠ Kjønn. Kjønnet ditt kjem ikkje til å endre seg berre fordi du vart forvirra når nokon kalla deg «dei». Ikkje ver bekymra. Eksperimenter. Sjå kva som passar deg best.
Kvifor bør eg ikkje seia «føretrekte pronomen»?
Fordi dette er eit omgrep som føreslår at pronomena til nokon berre er eit innfall. Viss nokon berre «føretrekkjer» å verta kalla ho, vil ho ikkje eigenleg verta trist, viss eg kallar ho ein «han», ikkje sant? Dei ser ut som ein gut, tross alt, so det er enklare for meg!
Nei! Det er våre pronomen. Ikke våre «føretrekte pronomen». Det er namna våre, ikke dei «føretrekte namna» våre. Viss du bryr deg om dine trans og ikke-binære vener og familie, kall dei som dei vil verta kalla.
Kvifor bør eg ikkje seia «kjønnspronomen»?
Fordi kjønn ≠ pronomen. Pronomen er berre grammatikk. Ikkje-binære personar kan bruke binære pronomen, nokre lesbiske brukar han/hans av kulturelle grunnar, osb.
Rettare sagt, berre sei «pronomen».
Finst det ikkje større problem å løyse? Bør me ikkje fokusere på verdssvolt i staden for nokre pronomen?
Den same saka kan verke triviell for somme, medan ho er særs viktig for andre. Tenk deg at nesten kvar setning du høyrer om deg sjølv, er bygd opp rundt ein grammatisk løgn om din eigen identitet. At sjølv enkle samtalar gjer deg dysforisk, uansett kva dei handlar om…
Det finst mange ulike problem i verda, men me bør ikkje samanlikne dei berre for å avfeie dei me eigenleg ikkje ynskjer å løyse. Det bur åtte milliardar menneske på denne planeten – me kan handtere fleire ting samstundes! Kvar person har ulike behov og ulike ressursar.
Kollektivet vårt har ikkje ressursar til å mette heile verda, stanse krigar eller global oppvarming. Det me derimot har, er ferdigheitene og energien til å forme og fremje eit meir inkluderande språk – so det er det me gjer, i staden for å gjeve opp og gjera ingenting.
Å respektere andre sine pronomen og identitet krev ikkje mykje innsats. Sjølv om du skulle vera ein person som løyser dei største utfordringane menneskja står overfor, kan du fint la vera å vera transfobisk samstundes.
Kvifor vert pronomen oftast gjeve opp i to former, som «ho/henne», i staden for berre «ho» eller i staden for å liste alle formene?
På norsk finst det tre former av kjønnsbestemde personlege pronomen, so om me vil vera nøyaktige, må me liste alle, til dømes: «ho/henne/hennar» eller «han/han/hans». Det er alt saman ganske mykje å ha med i profilen eller når ein presenterer seg, og somme språk krev endå meir (til dømes polsk, der det kan vera opp til 12 former berre for kjønnsbestemde personlege pronomen, pluss ulike endingar av substantiv, adjektiv og verb). Men som oftast treng ein ikkje all denne informasjonen i slike situasjonar, so heile pronomensettet kan ofte «komprimerast» til berre «ho», «han», «hin» osb.
På den andre sida vil det å korte det ned til berre éin form ikkje gjeve den ekstra konteksten. Om ein person berre ser «hin» i profilen til nokon og ikkje kjenner til neopronomenet «hin/hins», vil vedkomande streve med å forstå kva «hin» tyder. Men det har nærast vorte ein standard at «xxx/yyy» tyder eit pronomensett – so det er stor sjanse for at når ein ser «hin/hins», forstår ein straks at det er vedkomande sine pronomen.
I botn og grunn er to-forms-konvensjonen eit kompromiss mellom å halde det kort og å gjera det heilt tydeleg at ei viss rekkje teikn er eit pronomensett, og samstundes unngå tvitydigheit. Denne konvensjonen vart so populær i engelsk at ho spreidde seg til andre språk (ikkje alltid nøyaktig likt, til dømes oppgjev folk på portugisisk gjerne tre former), og me har til og med innarbeidd ( / )
inn i logoen vår.
Kan du leggje til dette flagget? Kan du taka bort det flagget?
Nei.
Å halde ved like ei liste av flagg og identitetar er noko som krev meir og meir tid for teamet vårt. Det er ogso vanskeleg når det kjem til å skilje mellom dei som vandaliserer og dei som ikkje gjer det. Me vil ikkje vera identitetspolitiet. Og me vil ikkje bruke masse tid på å halde flagg ved like heller. Dette er eit prosjekt om språk og pronomen, tross alt, ikkje om flagg. Dei er berre ein bonus.
Me gjorde vårt beste med å laga ei liste med de mest populære flagga som, so vidt me veit, er allment aksepterte. Me har ingen planar om å forlengje eller krympe den lista.
Me veit at nokre flagg ikkje er lika av nokre (t.d. på grunn av eit rulleblad av TERFar som prøver å taka over eit ord for å so bruke det på ein transfobisk måte, på grunn av mange forvirrande definisjonar, eller til og med på grunn av aspekt av ein karakter sitt liv). Me er eit skeivt kollektiv; me bryr oss om våre skeive syskenbarn. Likevel er det veldig vanskeleg å taka avgjerder når me får meldingar frå både transpersonar som spør ber om å leggje til eit flagg dei verkeleg identifiserer seg med, men ogso frå andre transpersonar som seier me skal taka det vekk fordi det på ein eller annan måte er negativt for andre transpersonar. Det er ikkje som om historia for alle identitetar er heilt klår eller som om ein alltid kan søkje det opp og få eit sikkert svar. Sjølv om folk som er imot oss prøver å fylle ord med hat, trur me på evnene til LHBTQ+ samfunnet til å taka tilbake hatefulle ord.
Viss du ikkje likar eit flagg, ikkje bruk det. Viss flagget ditt mangler, berre last det opp. (det vert merka som brukar-generert for å minske vandalisme).
Det er òg interessant at Unicode Consortium gjennomførte ein liknande politikk når det gjeld å føreslå nye flagg som emoji 😉
Pronomena mine finst ikkje i lista / Når eg vil leggje til eigendefinerte pronomen i profilen min, får eg meldinga «Ukjent format»
Det finst ein generator på heimsida og i editoren som du kan bruke til å laga ei lenkje til kva som helst pronomensett du ynskjer.
Du kan òg berre liste alle tre formene med skråstrek, til dømes ho/henne/hennar. Hugs at alle tre formene trengst i dette tilfellet, elles kan appen berre gjette kva du eigenleg meiner.
Finst det ein pronouns.page-mobilapp?
Å utvikle fleirplattforms mobilappar krev mykje ekstra arbeid og nett no har me vald å prioritere andre mål.
Men denne nettstaden er ei progressive web app, som tyder at du kan leggje ho til på heimskjermen i mobilnettlesaren din – og ho vil fungere nesten som ein app 😉
Kan nokon søkje opp kortet mitt?
Me publiserer inga liste over aktive brukarnamn som ein kan bla igjennom eller opne eitt for eitt. Folk bør berre kjenne brukarnamnet ditt om du deler ei lenkje med det (eller om dei tilfeldigvis gjetter det).
Gjennom noindex og robots.txt ber me søkemotorar om å halde seg unna korta. Hugs likevel at ikkje alle søkemotorar rettar seg etter slike retningslinjer, og at me nyleg la dei til, so nettsidene som vart indekserte tidlegare (til dømes om søkemotorane kom over ei offentleg delt lenkje til pronouns.page-kortet ditt) kan liggje i mellomlageret deira ei stund.
Du avgjer kva som skal stå på kortet ditt – hugs at alt etter kva du legg inn (t.d. lenkjer til sosiale medium), kan det vera lett for folk som kjem over kortet ditt å identifisere deg.
Korleis får eg lenkjene i kortet mitt verifiserte?
I konto-innstillingane dine kan du kople til og frå fleire tredjepartskontoar, noko som let deg bruke dei som påloggingsleverandør. Dersom du i tillegg vel å publisere lenkja til tredjepartskontoen din i kortet, vil ho verta merka med eit skjoldikon (). Ho vil òg inkludere ein rel="me"
-tag, slik at tenester som Mastodon kan verifisere i retur. Denne funksjonen fungerer førebels berre med Mastodon og Twitter.
Kan eg ha fleire kort under éin konto?
Dette er nok den funksjonen me har fått aller flest spørsmål om! 😅 Me er absolutt positive til ideen, det vil til dømes hjelpe system eller folk som vil ha eit eige kort for meir offentleg bruk og eitt for nære vener. Diverre krev denne funksjonen masse endringar i koden, so vel som testing. Me skal prøve å prioritere det, men sidan me er ganske opptekne med anna arbeid, kan me ikkje love nokon konkret dato.
Kan eg tilpasse feltet «meiningar» endå meir?
Attmed dei førehandsdefinerte alternativ (som «Ja», «Som ein spøk», «Nei») kan du no spesifisere dine eigne. Dei som alt fanst før me la til denne tilpassinga, må framleis vera dei same, slik at korta er meir føreseielege og konsekvente. Dei som snublar over eit kort og ser til dømes ein knallrosa oppføring med eit hjarta, vil utan å sjekke forklåringa vite at det tyder eit alternativ ein liker særs godt. Å leggje til nye meiningar er derimot tilpasseleg.
Me har ikkje planar om å stø opp heilt frie fargeval (der ein kan velje kva som helst hexfarge), fordi me helst vil handplukke fargane for å sikre nok kontrast, tydeleg skilje og at dei fungerer i mørk modus – so korta er leselege og tilgjengelege.
Når eg legg til ein uttale for namnet mitt høyrest det ikkje rett ut, eller høyrer eg ingenting
Uttalen brukar det internasjonale fonetiske alfabetet (IPA), som tek i bruk spesielle teikn for å skildre uttalen på ein måte som fungerer for fleire språk. Det tyder òg at i dei fleste tilfelle samsvarar ikkje IPA-skrifta med den skrivne stavemåten.
Sjekk at IPA-en du har skrive inn, inneheld gyldige teikn. Til dømes finst det ingen store bokstavar i IPA.
Dersom du er sikker på at IPA-en din er teoretisk rett, kan det vera at talesyntesen vår ikkje handsamar IPA-en skikkeleg. Nokre symbol ser òg ut til å verta ignorerte, til dømes nokre lengdesymbol eller trykk. Me tilrår likevel å bruke korrekt IPA, sjølv om talesyntesen gjev eit resultat som er litt unøyaktig, slik at intensjonen din framleis kjem tydeleg fram i den skrivne IPA-en. Du kan sjå ei liste over støtta fonem per språk for å sjå om talesyntesen manglar støtte.
Når eg trykkjer på ein «slett»-knapp skjer det ingenting
Nokre knappar på nettsida vår, særleg dei som er knytte til å fjerne ting som ikkje er enkle å gjenopprette, viser eit modalt vindauga som spør «Er du sikker på at du vil gjera XYZ?». Me veit at nokre nettlesarsutvidingar feilaktig trur at dette vindauget er eit informasjonskapsel-varsel eller ein annonse, og difor gøymer det.
Me prøver å vera svært eksplisitte i HTML-koden vår om kva element som er kva, slik at slike utvidingar lettare kan skilje dei, men det er vanskeleg å tilpasse seg alle mogelege utvidingar.
Før du rapporterer ein feil, kan du prøve å slå av slike utvidingar for å sjå om problemet forsvinn.