Velkomen til pronouns.page!

Me skapar ei kjelde til informasjon om ikkje-binært og kjønnsnøytralt språk.

Vi markerer/feirar:

Februar 9, 2025

  • Eit rektangulært flagg med fem vassrette striper av lik breidde: grøn, ljosgrøn, kvit, grå, svart. Eit rektangulært flagg med fem vassrette striper av lik breidde: grøn, ljosgrøn, kvit, grå, svart. Alternativ tekst: Eit rektangulært flagg med fem vassrette striper av lik breidde: grøn, ljosgrøn, kvit, grå, svart. aromantisk bevisstheitsmånad
Skeivekalenderen

Kva er greia med pronomen?

Me har alle pronomen. Eit pronomen er eit ord me brukar i staden for eit namn når me nemner nokon. Dei fleste brukar «han/ham» og «ho/henne», som gjer det vanleg for oss å gjette kva me skal bruke basert på utsjånaden til nokon. Men det er eigenleg ikkje so enkelt som dette…

Kjønn er komplisert. Nokre menneske «ser ikkje ut» som eit viss kjønn. Nokre føretrekkjer å verta kalla noko anna enn det ein antek. Nokre menneske passar ikkje inn i boksane med «mann» eller «kvinne», og føretrekkjer meir nøytrale uttrykk. Denne nettstaden lèt deg dele ei lenkje til pronomena dine, med konkrete døme korleis du vil at dei skal verta bruka, slik at du kan vise andre kva du ynskjer å verta kalla.

Kvifor har det noko å seia? På grunn av grunnleggjande medmenneskelegdom. Du ville vel ikkje kalla Anne «Ingrid» berre fordi du likar det namnet betre eller fordi du synest «ho ser ut som ei Ingrid». Til og med viss ho har namnet «Ingrid» i passet hennar men hatar det, og føretrekkjer å bruke «Anne» so ville du kalla henne Anne. Det samme gjeld med pronomen. Viss du ikkje vil vera frekk mot nokon, kall dei som dei vil verta kalla… Den einaste skilnaden er at me vanlegvis veit namn, men ikkje pronomen. Me introduserer oss sjølv med eit namn, men ikkje med pronomen. La oss endre det!

Screenshot of an example card

Du kan ogso bruke nettstaden vår til å laga eit kort, sånn som dette, som inneheld namna dine, pronomen, pride-flagg, lika ord, osb. So kan du lenkje det til profilen din eller i epost-signaturen. Berre lag ein konto her.

Sjå eit @døme-kort Lag eit kort

Oppdraget vårt

Me kjempar for fridom, respekt og inklusivitet i språk.

  • Fridom – slik at alle sjølv kan bestemme kva som helst pronomen dei meiner beskriv dei best.
  • Respekt – slik at pronomen til andre vert respektert.
  • Inklusivitet – slik at når me snakkar om ein person me ikkje kjenner, antek me ikke kjønnet deira og unngår å ekskludere dei av ein eller annan grunn

Bidraga

Pronouns.page er eit opent prosjekt laga av friviljuge. Du kan bidraga òg! Her er nokre stader der me ville sett pris på hjelpa di. Dei som er aktive i bidraga sine vil verta invitert til teamet vårt.

Legg til bidrag

Mange seksjonar på nettstaden (substantiv, inklusiv ordbok...) har alternativ for å leggje til og redigere eksisterande bidrag. Viss du tror at noko manglar eller er feil, nøl ikkje med å taka desse i bruk.

Lag ein ny språkversjon

Intruksjonar om korleis ein lagar ein ny språkversjon er tilgjengelege her. Før du startar, ver venleg og kontakt oss for å koordinere med andre om det.

Legg til eller rett omsetjingar

Manglar ei omsetjing eller har ho feil? Trykk på «Føreslå omsetjingar» i botnen av sida og fylg instruksjonane.

Send inn ein endringsførespurnad

Tekniske oppgåver er handterte på dette kanban-brettet. Berre vel ei oppgåve som ikkje er tilordna, tildel den til deg sjølv og byrj å jobb. Ikkje nøl med å stille spørsmål.