Vilkår for bruk

Sist oppdatert: 2023-03-06 (explicit mention of ableism)

Fylgjande tekst er berre ei hjelpande omsetjing. Den einaste juridisk bindande versjonen av desse vilkåra er den engelske, som er tilgjengeleg her.

Desse bruksvilkåra regulerer tilgangen din til og bruken av tenesta som vert tilboden på nettstaden pronouns.page og tilhøyrande underdomene og domene, drivne av kollektivet «Neutral Language Council» og Nero Network (NL, KVK 88409120), som kan kontaktast på e-post: contact@pronouns.page.

Ved å bruke tenesta godtek du å vera bunden av desse bruksvilkåra, og du samtykkjer i at me samlar inn og behandlar opplysningane dine slik det er skildra i personvernerklæringa vår.

Brukarar og kontoar

Du kan ikkje opprette ein konto dersom du er hindra frå det etter lovverket i jurisdiksjonen din. Du kan heller ikkje opprette ein konto dersom du er under 13 år. Er du under 16 år, treng du samtykke frå den som har foreldreansvar.

Når du opprettar ein konto hjå oss, er du ansvarleg for å tryggje innloggingsmetoden du brukar for å få tilgang til tenesta (det vil seia passordet til e-postkontoen din og/eller sosiale medium-kontoen din). Du samtykkjer i å ikkje dele kontoen med tredjepartar. Du skal straks melde frå til oss dersom du oppdagar tryggleiksbrot eller uautorisert bruk av kontoen din.

Vi kan avslutte eller stengje kontoen din med ein gong, utan førehandsmelding eller ansvar, uavhengig av årsak, inkludert, men ikkje avgrensa til, dersom du bryt Vilkåra.

Kontoar utan kort og har ingen aktivitet dei siste 30 dagane, vil verta sletta og brukarnamnet frigjort.

Innhald

Innhaldet du publiserer i tenesta er ditt. Ved å publisere det gjev du oss ein verdsomspennande, avgiftsfri lisens til å bruke, kopiere, gjenskape, bearbeide, tilpasse, endre, offentleggjere, overføre, vise, og distribuere slikt innhald på alle vis.

Me går ikkje god for eller garanterer sanningsinnhald eller tryggleik ved innhald andre brukarar publiserer i tenesta, særleg ikkje når det gjeld lenkjer til eksterne nettstader.

Det er forbode å publisere innhald i tenesta som kan vera ulovleg eller bryte allmenne normer, mellom anna: propaganda for totalitære regime, hatefull tale, rasisme, framandfrykt, homofobi, transfobi, forakt for ikkje-binære, skeivefiendtleg praksis, utestenging av skeive personar, sexisme, kvinnefiendskap, diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne, trakassering, etterlikning, oppmoding til sjølvskading og/eller sjølvmord, barnepornografi, generell støtte til pedofili, ulovlege handlingar, feilinformasjon, deling av andre sine personopplysningar, masseutsending av uynskt innhald, nettprovosering (trolling), reklame, brot på opphavsrett eller varemerkje. Me tek oss retten til å tolke alt som ikkje er tydeleg, men skjult hatprat (til dømes å be visse folk om å «ikkje taka kontakt» på grunn av skeiveidentiteten deira, transfiendtlege kodar som «superstraight» eller «semibisexual» osv.) som hatefulle ytringar.

Du er sjølv ansvarleg for alt innhald du publiserer i tenesta. Dersom du bryt desse bruksvilkåra, vil me fjerne innhaldet ditt utan varsel, og me kan trekkje attende retten din til å bruke tenesta. Bryt du lova, vil me overlevere opplysningane dine til rettshandsamande styresmakter.

Generelt

Gjeldande lov er lovverket i Kongeriket Nederlanda.

Me tek oss retten til å endre desse bruksvilkåra når som helst. Dersom ei endring er vesentleg, vil me gjeve minst 30 dagars varsel før nye vilkår trer i kraft.