Ordbok med kjønnsnøytralt språk

Inklusivt og kjønnsnøytralt språk tyder ikkje bare å respektere pronomen til andre. Det inneber ogso å beskrive jobben deira, posisjonen dei er i, forhold, osb. på ein måte som ikkje antek kjønnet deira. Ikkke alle brannmenn er menn. Ikkke alle ektefellar er ein «mann» eller ei «kone».

Når du snakkar til eller om nokon og du ikkje veit kva for kjønn dei har, til ei gruppe med folk av ulike kjønn, og særleg til ikkje-binære personar som føretrekkjer «dei», bruk dei nøytrale formene.

Under denne teksten presenterer me ei ordbok med nokre av orda du kan halde eit auga med på. Du kan bidraga til han og leggje til forslaga dine.

Ver merksam på at dette er ei ordbok med idear, forslag. Ikkje alle siterte former vil gjeve meining i alle samanhengar, ikkje alle er fullstendig kjønnsnøytrale (men dei vert bruka av nokre ikkje-binære personar for å uttrykkje seg utanfor kjønnsboksane), og ikkje kvart ord her kan verta bruka for kvar einaste ikkje-binær person – berre spør kva dei føretrekkjer å verta kalla.

Del: