Personvernerklæring
Sist oppdatert: 2024-03-03 (Sentry)
Denne personvernerklæringa skildrar korleis tenesta som vert tilboden på nettstaden pronouns.page og tilhøyrande underdomene og domene behandlar personopplysningane dine. Tenesta vert driven av kollektivet «Neutral Language Council» og Nero Network (NL, KVK 88409120), som kan kontaktast på e-post: contact@pronouns.page.
Me gjer vårt beste for å lagre opplysningane dine på ein trygg måte og for å unngå at ikkje-offentlege data me oppbevarer, vert overførte eller overlatne til tredjepartar, bortsett frå dei pålitelege partane som er skildra nedanfor.
Bortsett frå opplysningane du eksplisitt legg ut på tenesta som innhald eller deler med oss implisitt (t.d. OAuth-tilgangskoden om du nyttar innlogging via sosiale medium), vert ingen ytterlegare private opplysningar knytte til kontoen din, lagra eller behandla av tenesta.
Du kan når som helst endre eller fjerne alt innhald du sjølv har publisert på tenesta.
Når du tek kontakt med oss via e-post, lagrar me e-postadressa di for å kunne svara deg og eventuelt stille oppfylgingsspørsmål.
Me brukar berre fyrsteparts informasjonskapslar og lokal lagring for å halde deg innlogga og for å hugse preferansane dine.
Me brukar Plausible for å analysere trafikken på nettstaden. Desse dataa er ikkje knytte til brukarnamnet ditt, og IP-adressa di vert anonymisert. Du kan lesa personvernerklæringa deira her.
Me brukar Cloudflare Turnstile for å filtrere ut botttrafikk og hindre åtak. Du kan lesa personvernerklæringa deira her.
Me brukar Sentry for å overvaka feil og ytingsproblem. Dei dataa som vert overførte, er ikkje knytte til brukarnamnet ditt med mindre det finst i den besøkte nettadressa, og IP-adressa di vert ikkje lagra.
Loggar og tryggingsskopiar vert lagra i maks 18 månader.
Personopplysningane dine er verna av GDPR, noko som tyder at du har rett til innsyn, retting, oppdatering og sletting av data me har lagra om deg.