Pronomena mine er:

hin/hins

(Neopronomen «hin/hins»)

Døme i setningar:

  • Eg synest hin er veldig snill.
  • Eg spurde hin om eg kunne låne blyanten hins.
  • Hin fortalde meg at huset er hins.

Tabell:

Subjekt Objekt Possessiv
hin hin hins
  • Neopronomen

    I motsetning til dei andre pronomena, som er inkludert i ordbøkene gjeve ut av Språkrådet, er neopronomen nyord som ikkje er oppført i ordbøkene. At dei ikkje er inkludert enno, gjer dem ikkje noe verre av den grunnen!

Del:

Kva er greia med pronomen?

Me har alle pronomen. Eit pronomen er eit ord me brukar i staden for eit namn når me nemner nokon. Dei fleste brukar «han/ham» og «ho/henne», som gjer det vanleg for oss å gjette kva me skal bruke basert på utsjånaden til nokon. Men det er eigenleg ikkje so enkelt som dette…

Kjønn er komplisert. Nokre menneske «ser ikkje ut» som eit viss kjønn. Nokre føretrekkjer å verta kalla noko anna enn det ein antek. Nokre menneske passar ikkje inn i boksane med «mann» eller «kvinne», og føretrekkjer meir nøytrale uttrykk. Denne nettstaden lèt deg dele ei lenkje til pronomena dine, med konkrete døme korleis du vil at dei skal verta bruka, slik at du kan vise andre kva du ynskjer å verta kalla.

Kvifor har det noko å seia? På grunn av grunnleggjande medmenneskelegdom. Du ville vel ikkje kalla Anne «Ingrid» berre fordi du likar det namnet betre eller fordi du synest «ho ser ut som ei Ingrid». Til og med viss ho har namnet «Ingrid» i passet hennar men hatar det, og føretrekkjer å bruke «Anne» so ville du kalla henne Anne. Det samme gjeld med pronomen. Viss du ikkje vil vera frekk mot nokon, kall dei som dei vil verta kalla… Den einaste skilnaden er at me vanlegvis veit namn, men ikkje pronomen. Me introduserer oss sjølv med eit namn, men ikkje med pronomen. La oss endre det!

Heim